Filosofi

Heilt sidan byrjinga i 1932 har knivane og bestikket til Helle blitt laga og solgt basert på dei same prinsippa: ærlegdom, hardt arbeid og kvalitet. Filosofien til Helle er forankra i fortida, staden, menneska og produksjonen, og det er desse grunnpilarane som dannar grunnmuren hos det verdskjende kvalitetsmerket Helle.

Historie

Vi ved Helle verdset historia vår, og dei mange hendingane som har forma oss til det vi er i dag. Frå Steinar Helle som reiste til Amerika i byrjinga av 1920-åra, men som returnerte til Noreg for å produsere knivar som eit resultat av den store depresjonen, til historiske endringar i sal og produksjon grunna auka velstand i Noreg, så har Helle tilpassa seg desse betydningsfylte historiske endringane. I staden for å distansere seg frå bakgrunnen sin, så har Helle omfamna den. Og vi har blomstra som eit resultat av dette. 

Steinar and Sigmund Helle

Brødrene Steinar and Sigmund ved skrivebordet, ca. 1950

Dette er representert i knivane våre. Mange av knivane – og alle bestikka våre - er basert på tradisjonelle design, og vi verdset dei handlagde finessene som er – og alltid har vore – vårt varemerke. På same tid prøver vi ved Helle å utfordre oss sjølve på å møte dagens marknad og behov. Fortida og historia vår er alltid med oss i notida, og formar planane vi legg for framtida.

Classic Helle knives

Ei samling av klassiske Helleknivar

Stad

Helle har sterke røtter. Då Steinar og Sigmund kom attende til Noreg flytta dei tilbake til den gamle familiegarden i Holmedal som ligg idyllisk til på vestlandet. Med seg hadde dei eit sterkt ynskje om å skape noko som kunne bli laga på heimstaden, men på same tid appellere til ein internajsonal marknad. Brødrene såg potensial der andre såg utfordringar. Når det regna – noko det ofte gjorde – så var dette ei velsigning for brødrene, for regnet genererte straum til å kunne slipe knivar. Kort avstand til fjord betydde handelsmoglegheiter med båt. Og når brødrene måtte krysse landet austover mot hovudstaden, brukte Steinar beina og sykkelen til å frakte knivane.

Holmedal bad weather

Holmedal på ein typisk dag. 

Forbindinga mellom staden og produkta vi produserer har vore der heilt frå byrjinga. Fjordane, fjella og klimaet er ikkje hindringar for vårt arbeid, men til stor inspirasjon. Den geografiske plasseringa av bygda Holmedal skapar ikkje avgrensingar for oss, men er heller ei kjelde til styrke og identitet. Kvar gong vi sender ein Helle-kniv eller bestikk ut i verda, så sender vi med ei liten del av staden vi kjem frå.

Holmedal good weather

... men så har ein slike dagar òg.

Menneske

Menneska ved Helle kjenner kvarandre godt. Vi er ei tredjegenerasjons familiebedrift i ei lita bygd. Både i leiinga og blant arbeidarane finn ein familierelasjonar over både to og tre slektsledd. Vi verdset fellesskapet, og kjensla av tilhøyrsle og tillit blir overført i produkta vi produserer.

Helle workers 1950s

Arbeidarar og administrasjon hjå Helle på 1950-talet. 

På same tid er vi ein inkluderande og varm familie. Vi har alltid tatt varmt imot nye menneske i Holmedal, og vi har reist ut i verda sjølve. Heilt sidan 1950- og 1960-talet har vi samarbeidd med bedrifter frå heile den vestlege verda. I dag har familien verkeleg blitt global. Vi har samarbeidspartnarar over heile verda som hjelper oss med å levere produkt frå Holmedal til kundar på tvers av alle kontinent. Vi likar å kommunisere direkte med våre kundar, og når kundane deler sine opplevingar med våre produkt blir vi alle ein del av den same fellesskapen. Som våre globale ambassadørar syner, så er produkta, Helle-fellesskapet og menneska globale sjølv om vi kjem frå ein liten stad. 

 The Helle family goes to Canada

Nyare Hellefolk.

Produksjon

Historia vår, staden og menneska er ein del av korleis vi produserer knivane. Frå vår lille, tidlause fabrikk på kaia i Holmedal styrer og utfører vi sjølve kvart steg i produksjonsprosessen – frå råmateriale og produksjon til marknadsføring og sending av varer. På same måte som med menneska som jobbar ved Helle, så er maskinene fleire generasjonar gamle. Og desse maskinene behandlar vi med den omsorga og respekten alderen deira fortener. Vi utviklar, endrar og tilpassar maskinene, men vi erstattar sjeldan ei maskin hos Helle.

Handfast produksjon.

På same måte som menneskehender spelte ei avgjerande rolle i produksjonen av knivar for nesten 100 år sidan, er det framleis menneskehender som spelar den avgjerande rolla i produksjonen og som lagar knivane og bestikket hjå Helle. Og dette er vi særs stolte av. Ikkje noko produkt frå Helle er identiske fordi kvar og ein blir laga nettopp av menneskehender. For oss kjem ikkje individualitet i produktet på bekostning av kvalitet. For oss forbetrar og styrkar individualiteten kvaliteten på våre knivar. Ved å forme og slipe kvart produkt, så klarar vi å få fram det beste av staden, historia, menneska og produksjonsfasilitetane ved Helle. Måten vi produserer knivane våre representerer difor hjartet og sjela til Helle. Det er arva vår.

Maskiner med identitet.

 

Dette er berre ein kort introduksjon til Helle sin filosofi. For å lese meir om korleis den spelar seg ut i kvardagen så gå til Opplev Helle.