Produksjon og handverk

Helle er industrihandverk. Vår forståing av kvalitet er bygd på at hand og maskin skal og må jobbe saman for å få eit best og mest unikt resultat. Det er dette som er kjerna av Helle sin filosofi. Vi har produsert knivar og bestikk med utgangspunkt i denne filosofien i nær hundre år, og vi har ikkje tenkt å forandre oss med det første.

 

Der mange kniv- og bestikkprodusentar i dag har automatisert produksjonen sin og køyrer større seriar, så gjev vår måte å produsere på oss moglegheit til å gje merksemd til kvart produkt. Dette gjev oss ein unik sjanse til å kontrollere kvalitetsnivået. Vi har tre generasjonar med arbeidarar som gjer denne jobben med stor innsats, ferdigheit og glede. Vi har bevisst rekruteringspolitikk på at den eldre garde skal lære opp dei yngre i god tid før dei trer av. Og slik går ferdigheitene vidare i generasjonane. 

Dette gjeld også for maskinene våre. Dei fleste av dei har vore i kontinuerlig drift i over eit halvt århundre. Dei har blitt tatt vare på av hender som respekterer dei og behandlar dei fint. Vi investerar i eigne mekanikarar som har som oppgåve å gje kjærleik og omsorg til maskinene. Og dei gamle maskinene, dei responderer - dei er nemleg bygd for å vare så lenge dei får omsorg. Og om nokon deler tar kvelden eller vi treng ei ny masking til ei ny operasjon, då bygger vi dei like gjerne sjølv som å hente inn nye og moderne maskiner. Slik spelar handa også ei rolle i konstruksjonen og vedlikehald av maskinparken.

 

Om ein skal forstå og sette pris på arbeidet og sjela som blir lagt ned i ein kniv eller bestikkdel frå Helle så er det best å sjå det sjølv. Vi ønskjer dykk velkomne til fabrikken i Holmedal for å sjå godt gamaldags samspel mellom maskin og menneske i levande live.