Kontakt

Vitjing, lagerutsal og omvisning

Helle Fabrikker ligg plassert i Holmedal - godt utanfor allfarveg langs Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Her ligg både produksjon, kontor og lagerutsal slik det har gjort sidan 1943. Og vi er glade i vitjingar.

Fabrikkutsalet er ope frå 09.00 til 15.00 frå mandag til fredag året rundt bortsatt frå i påska og romjula. Her finn du eit stort utval av både nye og gamle knivmodellar, så vel som bestikk og kjøkkenknivar. I tillegg har vi eit utval varer frå andre kvalitetsleverandørar, t.d. økser frå Gränsfors, klede frå Woolpower, og luer frå Skinnlue.no.

Vi syner også gjerne fram produksjonen og køyrer omvisning når vi har høve. Helle er på mange måtar både eit industrimuseum og ei levande industribedrift. For å garantere at vi har tid og moglegheit til å gjennomføre omvisninga er det nødvendig å booke den på førehand. Ta kontakt på post@helle.no eller 577 33 500. 

Kontaktinformasjon

Helle Fabrikker AS
Adresse: Holmedalsvegen 14, 6982 Holmedal, Vestland, Norge
Telefon: 577 33 500
Epost: post@helle.no