Eit bestikkeventyr frå Holmedal

Eit bestikkeventyr frå Holmedal

Helle er kanskje mest kjent i Noreg i dag for sportskniv, men i 30 år var det bestikket som var storebror i Holmedal.

Etter å ha starta opp med tolleknivar og bruksknivar på 1930-talet, såg Helle-brødrene Steinar og Sigmund sitt snitt til å ekspandere frå tolle- og kjøkkenknivproduksjon til også å inkludere bordknivar. I tjømda av andre verskrig såg brødrene at det kom til å bli auka etterspørsel etter bruksvarer, og byrja straks etter krigen å prøve å få tak i det riktige utstyret. Korrespondansane med leverandørar og mellommenn så vel som stortingsrepresentantar er vel bevart i Helle sine arkiv, og syner godt kor krevjande og spanande tider det var for bedrifta på denne tida.

Korrespondanse via agent i Oslo om maskiner og generelt sal. 

Når ein hadde fått maskinparken på plass mot slutten av 40-talet ekspanderte ein raskt. Først var fokuset berre på bord- og fruktknivar, men ein ekspanderte ganske fort utover 1950-talt til å designe heile bestikksett. Framleis var det ikkje fokus på merket Helle så varene vart produsert under ulike namn og med ulike innpakkingar. Gradvis vaks det derimot fram ein konsensus rundt S&S Helle etter grunnleggarane. Dette til trass for at no også den yngre broren Jonas var blitt ein sentral del av bestikksatsinga. Medan Steinar og Sigmund fokuserte på industri og bruk, var Jonas opptatt av form og design. 

Jonas Helle var sentral i utviklinga av Helle sine eigne bestikkdesign. 

Jonas designa det første Hellebestikket, som først berre var kjent som Hellebestikk, seinare som Hellebard etter logoen til Helle. Internt på fabrikken gjekk ein etter varenummer, og bestikket til Jonas vart kjent som 1400-serien. Dette vart ein internasjonal salssuksess frå midten av 1950-talet og solgt til både Sverige, Tyskland og USA. Mot slutten av 1950-talet stod bestikket for over 70% av omsetninga til Helle - det var god tider både for bedrifta og dei tilsette som på desse tider talde over 120. 

Brosjyre frå Hellebestikk med dei ulike delane i den tidlege salssuksessen.

Etter kvart førte det gode ryktet til Helle til at ein også fekk oppdrag for andre designarar. Særskilt gjorde Helle mykje for the Lauffer Company og Courtier Cutlery i USA. Blant anna produserte ein bestikket Design 2 som vann internasjonale prisar og vart stilt ut på Museum of Modern Art i New York. På dette tidspunktet produserte ein bestikk i Holmeddal i ein skala som ein berre kan drøyme om i dag - over ein million deler vart sendt ut i løp av eit år på slutten av 1960-talet.

Det var også i desse tider Steinar teikna og utvikla Sunfjord bestikket. Frå midten av 60-talet tok dette gradvis over som Helle sitt flaggskip blant eigendesigna bestikk. Bestikket fekk stor merksemd, også utanfor landegrensene. 

Artikkel om bestikket frå Holmedal i Christian Science Monitor i 1969.

Etter at ein fann olje på norsk sokkel i 1969 gjekk lønninga i norsk industri raskt oppover, og dette gjorde at det gjekk raskt nedover med den arbeidskrevjande bestikkproduksjonen. Helle mista kontraktene med Lauffer nærmast over natta fordi ein ikkje lenger var konkurransedyktig på pris, og etter kvart som fokuset også i Noreg gradvis gjekk mot billigare og billigare bestikk så valde Helle å fokusere meir på sin nisje i sportsknivmarkaden. Så tidleg som i 1971 slo Helle fast at det som var Helle sin styrke var kvalitet og handarbeid - ikkje masseproduksjon. 

Tekst om bestikkproduksjon hjå Helle frå 1971. Sjå spesielt 3. avsnitt om kvalitet. 

Dette har gjort at vi har holdt bestikkproduksjonen ved hevd og produsert særs små mengder Sunfjord med ujamne mellomrom for lokalmarknaden dei siste 40 åra. Og det er framleis kvalitet og handarbeid som står i fokus når vi tar opp igjen bestikket i dag og gjer det tilgjengeleg for folk flest. Vi trur at det no er rom for produksjon og sal av norsk kvalitetsbestikk i stål. Det er ein viktig del av arven vår, og det er noko vi er særs stolte av å syne fram. 

Ei bestikkskuff med ulike bestikk produsert hjå Helle. 



  • Gunda Skarstein Røssaak

    Kjempeglad i bestikket mitt. Fikk det første i bryllupsgave i 1962. Nå har jeg lyst å kjøpe til barna mine og vil følge med 2, desember.
    Hilsen Gunda Skarstein Røssaak. ( Far er fra Straumsnes )


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.