Kjøpsbetingelsar

 PRIS

Prisane på våre produkt i nettbutikken (helle.no) er inkludert moms og ein blir belasta i NOK.  Alle kostnader ved kjøpet vil vere synleg før ein betalar.

BETALING

Kjøpesummen blir reservert på konto fram til varene er sendt. Vi samarbeider med Bambora som er ein av dei leiande tilretteleggjarar i Noreg av betalingsløysingar for nettbutikk.

SENDE TIL SVALBARD OG UTLANDET

Posten og Postnord har innført eit eige gebyr på pakkar som blir sendt til Svalbard. Difor blir kvar ordre belasta med dette gebyret som f.t. er kr. 185,- Dette blir fakturert i etterkant. 

Utanfor Noreg: ver venleg og ta kontakt på post@helle.no

LEVERING

Normalt har kunden varene etter 5-10 dagar frå vi har mottatt bestilling. Under høgsesong kan det ta litt lenger tid. Varene blir sendt som vanleg MyPack Collect med PostNord. Ein får beskjed når pakken kan bli henta. Ved store pakkar blir desse levert på leveringsadressa utan ekstra konstnader.

PAKKAR SOM IKKJE BLIR HENTA

For pakkar som ikkje blir henta av kunden førebeheld A/S Helle Fabrikker seg retten til å debitere kunden kostnadene for returfrakt og handteringskostnader.

PRODUKSJON OG LEVERINGSTID

Vi tek forbehold om at vi ikkje har alle varer på lager til ei kvar tid. Om ei bestilling ikkje kan bli levert komplett, vil manglande varer bli ettersendt gebyr/fraktfritt med forbehald om følgande:

Helle Fabrikker vil ikkje produsere bestikk kontinuerlig. Vi produserer fram fulle sett bestikk til den 15. november og 15. juni. Om vi går tom for deler i mellom desse tidspunkta vil det ikkje bli produsert opp før den neste datoen for fulle sett. Bestillingar som blir gjort når det er tomt av eit produkt på lager vil ikkje bli levert fraktfritt.

ANGRERETT

Helle Fabrikker gjer deg høve til å angre kjøpet og få tilbake pengane ved retur av produkt innan 30 dager etter at varen er mottatt. Kunden betalar retur om ikkje anna er avtalt.

REKLAMASJON

Opplever kunden å få et produkt som har ein produksjonsfeil, vil vi rette opp i så raskt som mogleg. Vi gjer merksame på at det kan bereknast opp til 6 månader leveringstid på Helle sine bestikk enkelte deler av året. Reklamasjonsfristen er normalt 5 år etter at vi mottok vara. Dersom du ønsker å heve kjøpet eller få ny vare, avtalar du korleis direkte med oss. Gjelder det ei brukt vare, kontakt oss først på telefon 577 33 500 eller på post@helle.no.  

OPPLYSNINGAR GITT I NETTBUTIKKEN 

Vi ynskjer å gi våre kundar så korrekt informasjon som mogleg, men skrivefeil og tekniske feil i tekst, prisar og bilete kan førekomme. Dette kan innebære at vi ikkje kan levere i henhold til informasjon gitt i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på annan måte. Vidare førebeheld vi oss retten til å kansellere bestillinga di, eller deler av denne, dersom produktet er utsolgt. Ved utsolgtsituasjonar vil du få melding om dette, eventuelt saman med informasjon om kva vi kan tilby i staden for. Du vil få moglegheit til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringane vi angir i forhold til di bestilling, eller kansellere bestillinga.

PERSONOPPLYSNINGAR

A/S Helle Fabrikker er behandlingsansvarleg for dei opplysningane som du som kunde oppgir til oss. Opplysningane dine vil bli behandla av oss for å administrere kunderelasjonen, samt for marknadsføringsføremål. Du kan henvende deg til A/S Helle Fabrikker og krevje at personopplysningar blir retta eller sletta, eller du kan reservere deg mot at personopplysningane dine blir brukt for direktemarknadsføring. Forøvrig syner vi til personopplysningslova.