Personvernærklering

PERSONVERNERKLÆRING

Innleiing

Denne personvernerklæringa gjeld for Helle Fabrikker AS og gjer greie for kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi nyttar denne informasjonen og korleis vi tar omsyn til dette personvern.

Helle Fabrikker AS, ved dagleg leiar, er ansvarleg for verksemda si behandling av personopplysingar. Erklæringa inneheld opplysingar du har krav på når det samlast inn informasjon frå nettsidene våre (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysingar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Helle Fabrikker AS sitt grunnlag for å behandle personopplysningar vil variere over tid, men vil i samsvar til personopplysningslova  § 8 bokstav a og b innehalde samtykke frå den registrerte eller fordi det er lovpålagt. Vidare kan det vere naudsynt å behandl personopplysningar for å oppfylle ein avtale med den registrerte eller for å oppfylle ei rettsleg forplikting. Samtykke til behandling av personopplysingar kan når som helst trekkast attende i samsvar med GDPR artikkel 13 (2) bokstav c.2 

Om personopplysingar og regelverket

Personopplysingar er opplysingar og vurderingar som kan settast saman med ein identifiserbar enkeltperson. Dømer inkluderer namn, adresse, telefonnummer, e-postadressa, IP, og kjøps og atferdshistorikk. 

Kva slags opplysingar samlar vi inn?

Vi samlar inn opplysingar, inkludert personopplysningar om deg, for å kunne levere så gode tenester som mogleg. Under følger ein oversikt over korleis vi typisk samlar inn personopplysingar og kva opplysingar det er snakk om. Vi samlar ikkje inn sensitiv informasjon.

a) Opplysingar du sjølv gjev oss

Når du registrerer deg på vår nettside må du legge fram ein del informasjon som lagrast av oss, slik som namn, e-postadresse og mobilnummer. Vi vil også lagre opplysningar når du kontaktar oss seinare.

b) Opplysingar vi får gjennom bruk av tenestene våre

Når du nyttar våre tenester, registrerer vi informasjon om kva tenester du nyttar og korleis du nyttar dei. Vi samla mellom anna informasjon om:

  1. Di eining og internettilkopling
  2. Bruk av tenester og kjøp

c) Opplysingar vi får frå andre kjelder

Vi kan få tilgang til opplysningar om deg om du nyttar nokon av dei andre tenestene vi tilbyr på denne nettsida. Vi samarbeider tett med tredjepartar (til dømes leverandører av tekniske tenester, betalingstenester og leveringstenester) og kan ta imot opplysingar frå slike partar. Dette inkluderer også opplysingar som er offentleg tilgjengelege. 

d) Informasjonskapslar og anna innhald som lagrast lokalt

Når du nyttar våre tenester eller er inne på våre nettsider lagrast det informasjonskapslar og anna data som vi kan lese seinare.  

Kva nyttar vi opplysingane til?

Vi nyttar personopplysingane til følgande føremål:

  1. a) For å levere og betre tenestene våre
  2. b) For å skreddarsy tenestene og gje deg relevante tips og marknadsføring
  3. c) For å kommunisere betre med deg
  4. d) For å lage statistikk og forstå trendar i marknaden
  5. e) For å hindre at tenestene våre blir misbrukt.
Deling av opplysningar

    Helle Fabrikker vil i nokon tilfelle kunne dele personopplysningar med andre selskap som utfører tenester for oss. Dette for å gje deg ein betre og tryggare nettside. Dette gjeld spesielt i to situasjonar:

    1. a) Når andre utfører tenester på våre vegne
    2. b) Ved mistanke om brot på lova.
    Sletting av personopplysningar

      Vi er lovpålagt å lagre visse personopplysningar. Dømer på dette er:

      • Lov om bokføring
      • Ordredata iht. angrerett
      • Ordredata iht. garantier.

      Du har krav på at alle våre opplysingar om deg skal kunne slettast når du uttrykker dette til oss, dersom ikkje lova krev at vi lagrar slike opplysingar. Du kan kontakte post@helle for dette.  

      Sikring av personopplysninger

        Vi har etablert tiltak som syter for at personopplysingar som vi kontrollerer ikkje skal utsetjast for  ikkje-autorisert tilgang, innhenting, bruk, vidareformidling, avsløring, kopiering eller modifisering.

        Særskilt om marknadsføring i e-post og på SMS

          Dersom du har eit aktivt kundeforhold til oss kan vi sende deg marknadsføring på e-post eller med andre elektroniske kommunikasjonsmetodar i samsvar med marknadsføringslova § 15. Dette inkluderer nyhendebrev og andre typar materiale som tilbod, kampanjar, arrangement, via e-post, SMS, og sosiale media.

          Om du ikkje har eit aktivt kundeforhold, vil vi berre sende slik marknadsføring om du har gitt oss eit eksplisitt samtykke til dette. Dine persondata kan også nyttast til å tilpasse denne kommunikasjonen. Du kan når som helst enkelt og kostnadsfritt melde deg av slike tilbod gjennom avmeldingsfunksjon på e-post/SMS. 

          Endringar i personvernerklæringa

            Vi vil kunne oppdatere eller endre personvernerklæringa. Om det blir større endringar vil vi informere om dette.

            Rett til å klage

              Du har rett til å klage til ein tilsynsmyndigheit, i dette tilfellet Datatilsynet, jamfør GDPR artikkel 13 (2), bokstav d.

              Kontaktinformasjon

                Om du har spørsmål om vår personvernerklæring eller om korleis vi nyttar personopplysingar så ta gjerne kontakt med oss på post@helle.no.